Stryn sitt herrelag i handball avsluttar ein spennande sesong med avgjerande kampar i Bergen i helga.

Oppgåva for Stryn er klar: Eitt poeng på dei to siste kampane er det som skal til for å sikre opprykk til 2. divisjon.

Stryn ligg pr. i dag på opprykksplass med 18 poeng, medan Os ligg poenget bak men med berre ein kamp att å spele. Stryn har derimot Os på innbyrdes oppgjer, og vil gå føre på tabellen om laga endar med lik poengsum.

Kan avgjere laurdag

Julian Hove og resten av strynemannskapet kan allereie laurdag avgjere det heile når det tidlegare storlaget Norrøna er vertskap. Det motsette oppgjeret i Strynehallen enda med komfortable 34–16 til Stryn, men det er ingen grunn til å ta lett på oppgåva sidan ein aldri heilt veit kva lag allereie nedrykksklare Norrøna vil stille.

BSI på søndag

Kampen mot Norrøna er den klart enklaste på papiret, då søndagens motstandar BSI kjempar for å unngå nedrykk.