Sidan 1990 har talet på soldatar i heimevernsdistriktet HV-11 (Møre og Fjordane) blitt halvert. Det uroar heimevernsleiinga i området.

Onsdag denne veke sende heimevernsleiinga i området ei bekymringsmelding til Forsvarskomiteen på Stortinget om nedbemanning i Heimevernet, fortel NRK.

– Vi klarar å trekkje mest mogleg folk på kort tid om det er noko viktig som skjer. Det kan vere alt frå ei krise, terror, søk og redning. Tek dei til å leggje ned fleire område, då tek du bort ein del av tryggleiken i samfunnet, seier områdesjef for Heimevernet Ole Anders Lund.

Heimevernet har dei seinare åra vore gjennom store kutt og omstillingar. Omstillingane har ifølgje Lund ført til at både utstyret og motivasjonen til soldatane har blitt betre, men han meiner talet på soldatar no er så lågt at det vil gå ut over kvaliteten om talet på soldatar blir kutta endå meir.

Mange ventar no på kva eit ekspertutval sett ned av forsvarsministeren vil koma fram til. Utvalet skal mellom anna å sjå på effektane av å slå saman Hæren og Heimevernet.

Den såkalla Landmarksutgreiinga skal leggjast fram i samband med statsbudsjettet til hausten.

(©NPK)