– No er det viktig at folk er om seg og søkjer kommunen om tilskot til å få rydda tre og busker som tek utsikt, seier ordføraren som er engasjert i saka. Han meiner at flott utsikt fleire stader i kommunen er borte grunna at tre og vegetasjon har grodd igjen langs vegane.

– Her ser ein at nokon har begynt å rydde tre, det er veldig bra, seier Flo og viser til eit område nedom vegen mellom Stryn sentrum og Faleide.

– Dette er innfallsporten til Stryn og her kan det bli god utsikt heilt til Olden. Når det kjem blad på desse trea så ser ein ingenting, poengterer han. Flo legg til at det er ei rekkje plassar i kommunen der utsiktsrydding hadde vore hensiktsmessig.

Rekordpott til utsiktsrydding

– Til dømes er det fleire parti inne i Lodalen som kunne trengt rydding før turistsesongen tek til, seier stryneordføraren som oppmodar alle grunneigarar, privatpersonar, bedrifter, lag og organisasjonar til å søkje midlar til rydding, for midlane finns.

Sogn og Fjordane har altså fått ein rekordstor pott på 9,2 millionar kroner som skal nyttast spesifikt til utsiktsrydding i 2017.

Alle søknader om støtte til rydding blir handsama fortløpande av Stryn kommune som gir si tilråding i kvart enkelt tilfelle før søknaden sendast vidare til Fylkesmannen.

Stryn kommune skriv på sine nettsider at tilskot gjeld utsiktsrydding langs ferdselsårar som vegar, stiar og vegnære utsiktspunkt som gjev auka utsikt til landbruket sitt kulturlandskap. Strekningane som skal ryddast må vere tilgjengeleg for allmenta.

Skal redusere gjenvekst

– Utsiktsrydding er sjeldan snauhogst, men skal utførast i form av stammekvisting og avstandsregulering. Dette reduserer solinnstrålinga til botn-vegetasjonen og saman med stubbebehandling reduserer det gjenvekst av ny vegetasjon, samstundes som det gjev auka utsikt, heiter det i skrivet frå kommunen.

Det leggast til at opptil 70 prosent av ryddinga kan dekkjast av tilskot som fylket har fått.