Nærare 90 pensjonistar hadde teke turen til kulturhuset tysdag for å sjå filmen «101-åringen som stakk fra regningen og forsvant».

– Fantastisk respons, seier leiaren i pensjonistlaget, Harald Ekroll, som på førehand hadde eit håp om at godt halvparten ville kome.

Håpar på gjentaking

– Det er kjekt å samlast, og vi håpar på gjentaking av dette, seier firkløveret Kari Nyhammer, Ragnhild Kjøs, Inger Raudi og Helma Krumsvik når Fjordingen er innom kulturhuset etter filmen. Då er damene og mange andre pensjonistar i god prat over ein kaffikopp og med nysteikte vaflar på fatet.

Behov for slike møte

Damene kan fortelje at det var ein artig film som vart vist i storsalen tysdag.

– Du skal ikkje sjå vekk ifrå at vi fekk lært oss ein ny rampestrek eller to, ler damene, som inni mellom latterkulene også ser behovet for slike samlingar og møteplassar.

– Det kan sjå ut som at det absolutt er behov for eit slikt tiltak som dette, seier tidlegare styremedlem i pensjonistlaget, Kari Nyhammer.

– Mange blir passive og sit heime i stova, så dette vil vi ha meir av er damene rundt bordet einige om.

Aktivt pensjonistlag

Helma Krumsvik, som er styremedlem i pensjonistlaget, og Kari Nyhammer kan fortelje at Stryn og Hornindal Pensjonistlag er eit aktivt lag som har mange ting på plakaten.

– Vi har turar både innanlands og utanlands, og vi har samkomer om våren og om hausten, fortel dei ivrige pensjonistane. Amsterdam, Praha, Roma og Gardasjøen er berre nokre av reisemåla laget har hatt. I tillegg har det vore fleire turar i nærområdet, mellom anna til Kalvåg.

– Om ikkje lenge tek vi ein liten tur til Ullsheim, der er det fint å gå i asfaltløypene. Det blir også tur til Nordsida, seier Nyhammer.

Nest størst i fylket

Stryn og Hornindal Pensjonistlag er med sine godt 270 medlemmar blitt det nest største pensjonistlaget i fylket, berre laget i Årdal er større. Medlemsmassen i Stryn og Hornindal Pensjonistlag kjem frå dei fleste bygdene i kommunane.

Desse damene koste seg på seniorfilm i kulturhuset. Etter filmen var det kaffi, vaflar og tid til ein hyggeleg prat rundt bordet. Framme til venstre Helma Krumsvik og Inger Raudi (bak). Til høgre Kari Nyhammer og Ragnhild Kjøs (bak). Foto: Thomas Thaule