Forskingsinstitutta Uni Reseach Miljø LFI og Boku Wien skal i elvene Nausta, Flåmselva, Aurlandselva og Storelva i Gulen forske fram betre metodar for flaumsikring.

FoU-prosjektet "Flaum og vassdragsmiljø i eit endra klima – innovative metodar for restaurering og betre miljøstandard" er finansiert av Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) med bidrag frå Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Prosjektet startar i år og skal gå fram til 2021. Forskarane skal presentere dei første resultata i 2019.

Målet med prosjektet er å komme fram til nye flaumsikringsmetodar som ikkje gir dei uønskte miljøeffektane som tradisjonelle metodar som kanalisering og erosjonssikring kan gi når nedbørsmengdene aukar.

Dei fire elvene skal fungere som "case"-vassdrag, og NVE håper å kunne overføre kunnskapen til andre elvar seinare.