Bandet Mayflower Madame, der mellom andre stryningen Ola Jørgen Kyrkjeeide er trommeslager, startar fredag på ein større USA-turné.

Bandet kallar seg sjølv for eit psykedelisk post-punk band og har hovudsete i Oslo. I tillegg til Kyrkjeeide spelar Trond Fagernes ( vokal og gitar), Petter Gudim Marberg (bass) og Håvard Haga (gitar) i bandet.

Fredag var det plateslepp for deira nye single «Drown», og same dag la Kyrkjeeide og dei tre andre gutane ut på ein to veker lang USA turné. Også ein sveip innom Canada og Vancouver er med på programmet.

Mayflower Madame er eit relativt ferskt band som vart lansert i fjor, men debutalbumet Observed in a Dream vart fanga opp av fleire internasjonale musikkpublikasjonar. Både Q Magazine, Ghettoblaster og Clash Magazine via spalteplass til bandet. Heime i Norge skreiv Dagens Næringsliv dette om Mayflower Madame: «Dvelende og surklende dronerock invaderer lytternes narkoleptiske dagdrømmer på liflig vis, så det siver e-sigarettrøyk ut av høytalerne».

Dei neste to vekene er det altså USA som skal leggast under føtene. Kvar dag, i tolv dagar, skal bandet halde konsert frå New York i Aust til Seattle i Vest.