Christian Moltu, fagsjef ved psykiatrisk klinikk i Helse Førde, ertildelt årets kvalitetspris i Helse Vest. Dette melder Helse Førde i ei pressemelding.

Kvalitetsprisen er ei høgthengandeutmerking i spesialisthelsetenesta på Vestlandet, og Moltu får prisenfor arbeidet med å utvikle og innføre The Norwegian Response Systemfor Evaluation (NORSE) i psykisk helsevern i Helse Førde.

NORSE er eit aktivt lærande elektronisk sjølvrapporteringssystemder pasientar melder frå om korleis dei opplever behandlinga deifår innan psykisk helsevern. Verktøyet blir nytta til å tilpassebehandlinga og som samvalsverktøy. Med prosjektet NORSE har psykiskhelsevern i Helse Førde etablert ein ny og forbetra måte åsamhandle med pasientar på. Så langt er det rundt 600 pasientar somhar nytta NORSE-verktøyet.

- Å få denne prisen er ei storanerkjenning for meg og for miljøet som prøver å få til ei endringav praksis, der ein i større grad ser verdien av å nytte kliniskebrukarrapporterte data i behandlinga. Det å endre arbeidspraksis ogå ta i bruk nye metodar, er ein tidkrevjande prosess og denneprisen gir i så måte energi til dette viktige arbeidet, seierMoltu.