Flåttsesongen startar så fort det er over fem grader og fritt forsnø. Det vil seie at flåtten er i full aktivitet mange stader ilandet.

– Generelt er det mest aktivitet om våren og forsommaren.Dei fleste tenkjer på flåtten som ei sommarplage, for då går folkoftare lettkledde ute. Men vi som samlar, får gjerne flest omvåren, seier Preben Ottesen ved Folkehelseinstituttet til NRK.

Ottesen trur flåtten har vore framme i alle varmeperiodane sidannyttår. Og om det skulle kome ein frostperiode igjen, vil flåttenklare seg bra. Men han vil i så fall vere passiv, fortel Ottesen.Kvart år samlar Ottesen og kollegaene hans inn flått frå nestenheile landet og analyserer dei for ulike smittestoff. Måndag vardei i Mandal, og der var det mykje flått.

– På fire timar samla vi800 nymfer og rundt 100 vaksne, fortel han. Preben Ottesen seier atvariasjonen frå år til år er liten.

– Likevel vil du høyre folkseie at "i år er det så mykje flått", men det er veldig lokalt,seier han, og utdjupar at det har samanheng med om det til dømeshar vore mykje rådyr i området.

(©NPK)