Også i år var det mange lag og organisasjonar som fekk nyte godt av gåvemidlane. Heile 152.000 kroner vart delte ut.

Irsk: Under Irsk fest, i år med ekte Riverdance på prorammet, vert gåvemidlane frå SPPC delte ut.

Største enkeltsummen gjekk til Radio Stryn, som fekk 20.000. Stryn Pistolklubb vart tildelt 12.500, medan Utvik Ungdomslag, Hornindal Røde Kors og Hornindal Fritidsklubb vart tildelt 10.000 kroner kvar.

– Vi får gje honndølene medan dei framleis er med oss, sa gåveutdelar Kåre Tonning under utdelinga.

Desse fekk gåvemidlar:

  • Utvik Ungdomslag Bru til idrettsplass 10.000

  • Radio Stryn Live Video 20.000

  • Barnehagebussen Gapahuk Roset 5.000

  • Indre Nordfjord Turlag Turbok 5.000

  • Innvik Bygdeutvikling Benkar 4.000

  • Stryn skulekorps Drilldrakter 7.500

  • Stryn fotball Stryn United 5.000

  • Svarstad-Faleide Vel Grillhytte 7.500

  • Hornindal Røde Kors Kurs/kompetanseheving 10.000

  • Stryn skyttarlag Junior-rifle 10.000

  • Hornindal fritidsklubb Moroton 10.000

  • Loen Rake 4H Scenekunst 5.000

  • Vikane omsorgssenter Bålpanne 5.000

  • Loen karateklubb Hjartestartar 13.000

  • Varden 4H Vedlikehald 7.500

  • Stryn Rando 3000 Marknadsføring 10.000

  • Stryn Linedance v/ungdomsgruppa Rekruttering 5.000