Medan Hornindal Skisenter har klart å halde ope på vanleg vis gjennom heile påska, Stryn Vinterski har funne løysingar med shuttle-buss til Tonningsetra for å sikre drift av anlegget i Steindalen, ja så har Breimsbygda skisenter på Utvikfjellet måtte halde stengt.

- Årets skisesong på Utvikfjellet har vore særs utfordrande med tanke på vêr- og snøforhold. Vi som styrer med drifta på fjellet har vel aldri vore betre førebudd enn vi var før årets sesong, skriv skisenteret på facebooksida Påskeaftan.

- Det har blitt gjort utbetringar og mykje vedlikehald på utstyr og maskiner for å vere klar når snøen skulle kome. Men vêr er dessverre ein faktor vi ikkje klarar å styre. Det ser difor ut til at vi kjem til å legge bak oss ein sesong med kun ni driftsdagar i alpinbakkane. Manglande snø har og medført at vi ikkje har kunne brukt trakkemaskin for å preparere langrennsløyper utanfor der det er veg. Tilbodet har difor vore mykje dårlegare enn det vi ynskjer å tilby våre brukarar, står det vidare i teksten som er underteikna styre og driftspersonell.

Alle som kjøpte sesongkort i alpinbakken vert lova ein kompensasjon for neste års sesong. For trass raude tal denne sesongen, vel dei å sjå positivt på framtida.

- Sjølv om årets sesong har vore særs dårleg, går vi på med friskt mot og håpar den neste blir fantastisk!