PÅSKA 2014: Slik såg det ut på Utvikfjellet påska for tre år sidan. Også den gongen var det sein påske og lite snø å tære på. Heller ikkje i år vart det aktivitet i alpinbakken.

PÅSKA 2014: Slik såg det ut på Utvikfjellet påska for tre år sidan. Også den gongen var det sein påske og lite snø å tære på. Heller ikkje i år vart det aktivitet i alpinbakken.

Vart med berre ni driftsdagar på Utvikfjellet

Medan Hornindal Skisenter har klart å halde ope på vanleg vis gjennom heile påska, Stryn Vinterski har funne løysingar med shuttle-buss til Tonningsetra for å sikre drift av anlegget i Steindalen, ja så har Breimsbygda skisenter på Utvikfjellet måtte halde stengt. 

- Årets skisesong på Utvikfjellet har vore særs utfordrande med tanke på vêr- og snøforhold. Vi som styrer med drifta på fjellet har vel aldri vore betre førebudd enn vi var før årets sesong, skriv skisenteret på facebooksida Påskeaftan.

- Det har blitt gjort utbetringar og mykje vedlikehald på utstyr og maskiner for å vere klar når snøen skulle kome. Men vêr er dessverre ein faktor vi ikkje klarar å styre. Det ser difor ut til at vi kjem til å legge bak oss ein sesong med kun ni driftsdagar i alpinbakkane. Manglande snø har og medført at vi ikkje har kunne brukt trakkemaskin for å preparere langrennsløyper utanfor der det er veg. Tilbodet har difor vore mykje dårlegare enn det vi ynskjer å tilby våre brukarar, står det vidare i teksten som er underteikna styre og driftspersonell.

Alle som kjøpte sesongkort i alpinbakken vert lova ein kompensasjon for neste års sesong. For trass raude tal denne sesongen, vel dei å sjå positivt på framtida.

- Sjølv om årets sesong har vore særs dårleg, går vi på med friskt mot og håpar den neste blir fantastisk!

Meir å lese på Fjordingen:
Siste nyheter

Styrkeløftklubb frå Bergen arrangerer stemne i Stryn

Skal måle krefter mot sterke stryningar

Til helga går styrkeløftklubbane i Stryn og Bergen saman om å arrangere stemne i Stryn. Mellom deltakarane er ei av norges beste løftarar.

Ingen asfalt til elendig eksportveg i Hornindal

Viktig veg smuldrar opp

Tusenvis med pizzaar, og mange møblar blir dagleg frakta på fv 60 gjennom Hornindal – på ein veg som er i ferd med å smuldre opp.

Trur på ny publikumsrekord

Arrangøren av Oktoberfesten har søkt om ordførar med bart

Må sone 30 dagar fengsel

Ein mann busett i Stryn må sone 30 dagar i fengsel og betale 30.000 kroner i bot etter å ha blitt teken for promillekøyring.

Bøndene får støtte frå LO

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) meiner bøndene krev for mykje, men bøndene får støtte frå LO.