Talet av mikrobryggeri i Norge har eksplodert dei siste åra og eitt av dei er Olden Bryggeri i Olden sentrum.

Det vesle bryggeriet blir drive av fire mann som alle er i fullt arbeid ved sidan av, men aukande etterspørsel har ført til at nokon må vurdere å ta seg heiltidsjobb i bryggeriet i Olden sentrum.

Med dagens utstyr har bryggeriet kapasitet til å lage 2.500 liter øl i månaden.

– Men sidan vi er i full jobb alle mann kan vi berre brygge om lag 1200 liter. På sikt må vi etablere ei heiltidsstilling, seier Andreas Sunde.

Spent på sommarsesongen

Til årets sommarsesong skal ølet deira for første gong på fat i utvalte uteplassar for auka konsum i sommarvarmen. Eit par nye øl-sortar kan også vere klare til sommaren.

Frå Olden «Bryggja på reint brevatn» heiter det på etiketten. Bryggeriet har i dag dei to sortane «Stryn» og «Olden», men blir snart til tre. Foto: Roger Oldeide

– Ølet «Briksdal» er kanskje snart på plass, røper leiar av bryggeriet, Tomas Gjerde som kan sjå tilbake på ei formidabel utvikling siste halve året.

Dei to ølsortane «Stryn» og «Olden» har pr. i dag fått hylleplass i 17 daglegvarebutikkar frå Førde i sør til Sula i nord.

– Vi fekk ølet vårt i butikkar i fjor, men i februar fekk vi avtale med Coop Vest. No er vi mest opptekne av å levere det vi skal til butikkane, seier Gjerde.

Han legg til at Olden Bryggeri er det første kommersielle bryggeriet i Nordfjord, men brygging av øl var ikkje i henhald til planen då dei starta opp det vesle firmaet.

Vant bryggerikonkurransar

– Då vi starta opp selskapet i mylderet av andre mikrobryggeri, så tenkte vi det ikkje var noko poeng i å bryggje øl. Planen vår var å selje råvarer og utstyr til ølbrygging, fortel Andreas Sunde.

Brygging Her lagast det øl i Olden sentrum. Bryggeriet vil vurdere å opprette ei heiltidstilling for å møte etterspurnaden av det lokale ølet. Foto: Privat

Karane var likevel med i ein ølbryggjarkonkurranse på Sandane der brygget frå Olden gjekk sigrande ut. I tillegg vann dei ein liknande konkurranse under Oktoberfesten i Stryn i 2015.

– Det var mange som likte ølet vårt, så vi begynte å bryggje meir av det. Slik var det vel det starta, fortel Gjerde som ikkje er nybegynnar i faget.

– Interessa for å lage øl har vore der i 20 år, men eg begynte å brygge skikkeleg først for ti år sidan, fortel Gjerde som praktisk nok eig lokala der bryggeriet held til.

– Vi har eit godt utgangspunkt for vekst, konkluderar Gjerde.