Vi møter 24-åringen frå Hornindal i Stryn kulturhus der ho har hatt mang ei framsyning over dei siste 20 åra. Det er derimot langt frå Stryn kulturhus til Cornwall sørvest i England der ho skal ta fatt på ein treårig bachelorgrad i Acting ved Falmouth University.

Fann sitt kall Her er Josefine under «Grease» på Eid i 2009, 16 år gamal. Foto: Sigrid Heggestad

Josefine, som har vore frisør i fire år, er klar over på at det er dette ho vil. Sidan ho var med i skulemusikalen «Grease» på Eid då ho var 16 år gamal, har ho ønska ei karriere i rampelyset og kunne gjere eit levebrød av å få utfolde seg kreativt.

Teater og film

– Eg har aldri vore redd for å ta utrygge val. Om dette ikkje går så er det greitt, men eg er ikkje redd for å mislukkast, fastslår ho.

Josefine fortel at den treårige utdanninga har stor breidde og kan gi høve til ei rekkje jobbar. Det passar godt når ambisjonane enno ikkje er definert.

– Eg har mest erfaring frå teater, men eg har stor nysgjerrigheit på film. Her kan ein lære å jobbe både med teater, film, regi og skriving av manus. Eg ser for meg å jobbe både med teater eller film i England eller i USA. Kanskje til og med Hollywood, det er vanskeleg å seie kor dette kan ende, fortel Josefine engasjert.

No ser ho fram til å møte kreative menneske frå heile verda når ho set seg på skulebenken i september.

– Det er linjer med både dans, musikk, kunst, film og design. Eg vil tru det er eit ganske kreativt miljø der, seier Josefine.

Kreativ søknad

Ho fortel om ein spennande søknadsprosess til skulen der ho fekk hjelp frå venninna og skodespelar Torunn Lødemel Stokkeland til å lage audition-film. Der framførte ho to monologar, deriblant Shakespeare sin Macbeth.

– Torunn har vore ein mentor for meg og eg er skuldig ho ein stor takk, seier Josefine som og skreiv eit motivasjonsbrev som ein del av søknaden.

Kyndig hjelp – Ho har vore ein mentor for meg, seier Josefine om skodespelar Torunn Lødemel Stokkeland som har bidrege i søknads- prosessen som resulterte i skuleplass. Foto: Anne Mari Aalberg

– Vi skulle skrive om kvifor vi fortente ein plass ved skulen, så det måtte jo vere eit brev med litt power. Eg er i alle fall veldig motivert, skrattar Josefine.

Med eit begrensa tal av plassar ved skulen var det med stor glede ho fekk melding om at ho fekk plass frå hausten. Josefine fortel om stor støtte blant både familie og vener i valet sitt og om ein sjanse ho vil ta vare på.

Til skulebenken I haust tek Josefine farvel med heimstaden, saksa og Stryn kulturhus til fordel for ei treårig utdanning som skodespelar i England. Foto: Roger Oldeide

– Eg fekk plass på fire av fem skular som eg søkte, men har mest tru på denne. Eg vart kjempeglad då er fekk plass, men eg er veldig spent på det å skulle gå på skule igjen. Det er lenge sidan, seier Josefine.

Ho legg til at produsentar og agentar jobbar opp mot denne skulen på jakt etter talent.

- Det blir sett opp store produksjonar gjennom desse skuleåra og det vil vere agentar til stades. Mykje kan skje så eg kan berre gjere mitt beste, seier Josefine.