For eit par veker tilbake stilte honndalsordførar Stig Olav Lødemel spørsmål til Fylkesmannen i Møre og Romsdal om kva som skjer i høve studieval for vidaregåande elevar når Hornindal blir innlemma i nytt fylke i 2020.

- På kva måte vil ei slik samanslåing påverke studievalet? I dag er det slik at mange av elevane i Hornindal vel å gå på vidaregåande skule i nabokommunane Stryn og Eid, korleis vert dette no når vi vert ein del av Møre og Romsdal? Er det då slik at dei som allereie er byrja på ein av desse nemnde skulane får fullføre utdanninga si der? Kva med dei som skal søkje seg på vidaregåande skule etter 2020, må alle då gå på vidaregåande skule i Møre og Romsdal eller kan ein fortsatt velje eksempelvis Stryn vidaregåande skule?

Fylkesutdanningssjef i Møre og Romsdal, Erik Brekken, er ikkje veldig klar i sine svar tilbake, men lovar å sjå på løysingar for dei elevane som ønskjer Stryn vgs framfor skular i Møre og Romsdal.

- Elevar frå Hornindal som i dag har ungdomsrett vil sjølvsagt behalde den same retten når dei blir ein del av den nye kommunen og dermed Møre og Romsdal. Sidan det er fritt skuleval i Møre og Romsdal vil elevane fritt kunne velje kva for skule dei vil gå på i fylket. Stryn vil vere den skulen som ligg nærast geografisk for mange av elevane og ein må sjå på l øysingar for dei som ønskjer å gå der eller til dømes Eid vgs, skriv Brekken i sitt svar til Lødemel.

Han peikar på at reglane er endra, og at om elevar frå Møre og Romsdal vel å gå på skule ein annan plass i landet, og får tilbod om plass, så må Møre og Romsdal dekke vertskommunen sine utgifter.