Arvid Hatledal og Turløyper Stryn seier takk for i år. Ein sesong som har vart sidan slutten av november er slutt for deira del. Eller mest truleg i alle fall.

- No blir eg sjølv vekke denne veka, men har sagt til Hilde at visst det blir snø så kan ho ta maskina og køyre ein runde ned til Hydla og opp til Grendasetra, seier Hatledal.

På tampen av påska starta arbeidet med å få merke-stikkene i hus.

- Det er greitt å samle inn før det blir for blautt, seier han. Kor mange stikker som skal hentast veit han ikkje, men mange er det.

- Det er ein palle på 1 x 1 meter, så fleire hundre er det i alle fall.

Han skildrar årets vinter som travel med mykje nedbør, mildvêr, regn og flytting av snø. Men Hatledal seier seg svært nøgd med påska som avrunda den nesten fem månader lange turløypesesongen.

- Det vart eit bra løypenett. Ikkje Hogden, men elles tipptopp så langt som råd med dei forholda vi hadde. Etter tilbakemeldingane så vart det sett pris på. Men utan forarbeidet tidlegare i vinter hadde det nok vorte vanskeleg, seier løypetrakkaren. Han ser ikkje vekk ifrå at det vart sett ny besøksrekord i løypene i påska.

- Eg trur det var ny rekord langfredag. Både ut ifrå det eg sjølv såg og det eg høyrde frå andre, avsluttar Hatledal.