Her frå Folven sykkelfestival. Illustrasjon.
(Foto: Folven sykkelfestival)

Her frå Folven sykkelfestival. Illustrasjon. Foto: Folven sykkelfestival

Startskot for sykkelaksjonen

Onsdag startar Norges Bedriftsidrettsforbund den årlege aksjonen Sykle til jobben, som i fjor fekk 35.700 nordmenn til å sykle på arbeid.

Aksjonen er organisert som ein konkurranse der deltakarane registrerer all fysisk aktivitet på ei eiga aksjonsnettside, enten det er sykling, gåing, styrkjetrening, jogging eller anna. Aksjonsperioden er 19. april til 17. juni, og det vankar premiar til både enkeltpersonar og lag som gjer ein ekstra innsats.

– I år er temaet den norske kvardagssyklisten, og vi skal viser fram alle typar syklistar på alle typar syklar i alle slags klede. Saman skal vi få enda fleire ut på sykkel og byggje den norske sykkelkulturen, seier prosjektleiar Lotte Frost i Sykle til jobben- aksjonen.

I år dekkjer 140 kommunar og fylkeskommunar deltakaravgifta for dei som bur i kommunen.

Det er 44. gongen Bedriftsidrettsforbundet aksjonerer for jobbsykling. Samarbeidspartnarar er Vegvesenet, bilorganisasjonen Naf, Syklistenes Landsforening, Trygg Trafikk, Helsedirektoratet, Kreftforeningen, Nasjonalforeningen for folkehelse og Naturvernforbundet.

(©NPK)

Meir å lese på Fjordingen:
Siste nyheter

Utvik:

Her opnast det for tungtransport

- I løpet av eit par dagar vil vi opne for tungtransport gjennom Utvik, seier Statens vegvesen onsdag kveld

Martine Lefdal (23) frå Stryn er dagleg leiar på Riva Italia

Spennande kvardag og mykje arbeid

- Kan ha bru klar om ei veke om det er vilje til det

Nye klare ønske for veg og bru i Utvik

Raskare opning av fv 60 gjennom Utvik også for vogntog. Bruer som er sikre mot neste storflaum. Det var to klare ønske i onsdagens vegmøte i Stryn.

Her opnast det for tungtransport

- I løpet av eit par dagar vil vi opne for tungtransport gjennom Utvik, seier Statens vegvesen onsdag kveld

Martine Lefdal (23) frå Stryn er dagleg leiar på Riva Italia

Spennande kvardag og mykje arbeid

- Kan ha bru klar om ei veke om det er vilje til det

Nye klare ønske for veg og bru i Utvik

Raskare opning av fv 60 gjennom Utvik også for vogntog. Bruer som er sikre mot neste storflaum. Det var to klare ønske i onsdagens vegmøte i Stryn.

Vil kjøpe dette bygget

Drivar av "Løvland - spiseri og pub" vil ekspandere på Grodås

Ny rapport viser at komande vegprosjekt i NTP kan ryke:

Fleire vegprosjekt trua av enorm kostnadsauke

Forsikringsselskap besøkte Utvik

- 40 skadeforhold så langt