Populær tursti Kontaktutvalet for Olden og Oldedalen har fått midlar til å rydde utsikt på stien opp til Huaren, der dette biletet er teke ifrå.
(Foto: Caroline Gjerde (Arkivfoto))

Populær tursti Kontaktutvalet for Olden og Oldedalen har fått midlar til å rydde utsikt på stien opp til Huaren, der dette biletet er teke ifrå. Foto: Caroline Gjerde (Arkivfoto)

Får støtte til utsiktsrydding i Olden

Kontaktutvalet for Olden og Oldedalen har fått tilskot frå Fylkesmannen til utsiktsrydding.

Fylkesmannen har vedtatt å løyve eit tilskot på kr. 70.000 til Kontaktutvalet for Olden og Oldedalen til utsiktsrydding langs skogsvegen frå Olden sentrum til utkikspunktet Huaren (Avleiåsen).

Søknaden frå kontaktutvalet gjaldt tilskot til rydding av fire utkikspunkt på 2,5 dekar kvar, tilsaman 10 dekar.

Tiltaket vil gje utsikt til fjorden, bygda og kulturlandskapet kring. Om lag 25% av rydningsvirket er tenkt nytta til ved.

- Vi er svært glad for dette tilskotet og dette vil bli merkbart for dei tusenvis som går denne turen årleg. Dette er bygdeforskjønning på sitt beste, seier ein godt nøgd Ketil Finsås Hansen, leiar av kontaktutvalet for Olden og Oldedalen.

Hansen seier at det meste av arbeidet med utsiktrydding går føre seg på dugnad, men at ein vil leige inn profesjonell hjelp til dei tyngste delane av arbeidet, samt vil midlane nyttast til vidare vedlikehald og fjerning av gjenvekst.

Fylkesmannen legg til grunn i svaret på søknaden at skogsvegen er ein av dei mest brukte turområda i Olden.

- Dette viser at det nyttar å søkje desse midlane som kan gi bygdene våre eit løft, seier Hansen som seier kontaktutvalet berre har fulgt oppmodinga frå ordføraren til å søkje desse midlane.

Sogn og Fjordane har fått ein rekordstor pott på 9,2 millionar kroner som skal nyttast spesifikt til utsiktsrydding i 2017

Meir å lese på Fjordingen:
Siste nyheter

Kva skal nyekommunen heite?

Namneforslaga strøymer på

Responsen har vore god etter at fellesnemnda for samanslåing av Hornindal og Volda gjekk ut og inviterte folk til å kome med forslag på kommunenamn.

Olden Brevatn AS:

Tilbake i full produksjon

– Det blir viktig med ein god sesong no, seier fabrikksjef ved Olden Brevatn AS, Rune Rustøen etter vinterens permitteringar

Kva skal nyekommunen heite?

Namneforslaga strøymer på

Responsen har vore god etter at fellesnemnda for samanslåing av Hornindal og Volda gjekk ut og inviterte folk til å kome med forslag på kommunenamn.

Olden Brevatn AS:

Tilbake i full produksjon

– Det blir viktig med ein god sesong no, seier fabrikksjef ved Olden Brevatn AS, Rune Rustøen etter vinterens permitteringar