Politiet får stadig fleire meldingar som handlar om vald i nære relasjonar, men dei fleste blir lagt bort.

– Det er vanskeleg å etterforske denne type saker. Blant anna på grunn av at mishandlinga skjer i heimen, med få eller ingen vitne, seier fungerande seksjonsleiar i Politidirektoratet Randi Borge til NRK. Talet på meldingar om vald i nære relasjonar har auka med 35 prosent sidan 2012, mens nesten to av tre saker – 65 prosent – vart lagt bort av politiet i fjor. Delen som blir lagt bort, aukar viser ein gjennomgang av tal frå Politidirektoratet.Vald i nære relasjonar ikkje er prioritert ute i distrikta, meiner leiar Tove Smaadahl i Krisesentersekretariatet.– Ting blir personavhengig og tilfeldig ut frå kvar ein melder. Slik kan det ikkje vere, seier Smaadahl, som minner om at politiet oppfordrar til å melde vald i nære relasjonar.– Ein skal passe seg for å komme med ei oppfordring når samfunnet ikkje klarer å vareta og innfri forventningane, seier ho.(©NPK)