Ulukka, som var omtalt i fleire media hausten 2015, skjedde då to kollegaer i NRK Sogn og Fjordane var på reportasjetur. Sjåføren av den store reportasjebilen unnlet å setje bilen i gir og drog heller ikkje på parkeringsbrems ved parkering. Bilen som stod i skrått terreng rulla bakover og utfor ein skrent. Passasjeren og kollegaen forsøkte å kome seg ut av den trillande bilen, men kom i klem og omkom.

Den sikta tilstod utan atterhald då ho møtte i Fjordane tingrett. Ho har og vedteke dommen på 18 dagar betinga fengsel og ein ubetinga bot på 10.000 kroner.

Retten er klar på at kvinna kan klandrast for aktlaus handling ved ikkje å ha utført «normalhandlingane» ved parkering, som er å setje bilen i gir og setje på handbremsa forsvarleg. Hadde ho gjort dette, ville det hindra den tragiske ulukka. Samtidig seier retten at det ikkje er like klart at å unnlate desse handlingane kunne føre til ei dødsulukke.

Retten er kritisk til at ei så alvorleg sak ikkje er blitt raskare behandla av påtalemakta, og poengterer at ulukka har råka berørte familiar hardt.