«Vel Utført» heiter arrangementet som huskjeda gjennomførte i Sogndal og i Stryn.

Velfortent merksemd

Det faglege arrangementet var delt i to deler.

Ein der det vart sett søkjelys på ulike fokusområde i eiga verksemd og kjede, og ein del med leverandørane med tematikk retta mot dei som utfører jobben direkte.

– Eit viktig arrangement der sjølve merkevara vår, handverkaren, får velfortent merksemd og fagleg påfyll, seier Geir Kjørum, marknadssjef i Blink Hus.

Nytt av året

Nytt av året var det at ein kåra «Årets Handverkar 2017» lokalt.

Kriteria var mellom anna at den aktuelle handverkaren skulle ha lite eller ingen reklamasjon på utføring av arbeidet, vere effektiv i høve til kalkulert timeverk, ha eit profesjonelt forhold til HMS og sjekklister, og vere «teambuilder» i høve til snikkarlag.

– Profesjonelt

Hos Blink Hus Stryn/ Måløy var det tømrar Arne Bøe som vart tildelt prisen «Årets Handverkar 2017».

I ein uttale frå verksemda heiter det mellom anna at Bøe har den unike evna at han kan få ting unna raskt og effektivt, men samstundes med topp kvalitet, at han har eit profesjonelt forhold til HMS og sjekklister og ikkje sparar på ressursane når det gjeld å ha verktøy og utstyr i topp stand.

– Gode idear og forslag

– Vinnaren kjem stadig med gode idear og forslag til forbetringar både med omsyn til rutinar, tekniske løysingar og nye produkt, heiter det i uttalen i samband med kåringa.

– Eg vart mållaus. Svært overraska, er prisvinnar Arne Bøe sin korte kommentar.

Hos Blink Hus Sogndal var det tømrar Arve Lysne som gjekk av med prisen.