Fjordingen besøkte Briksdalen for ei statusoppdatering frå Oldedalen Skyss AS og Briksdal Fjellstove AS før sesongstart. Trass i at første cruisebåt ikkje legg til kai før søndag, viste det seg at sesongen alt var i gong i Briksdalen. Det meste var på plass, også optimismen.

– Vi har aldri hatt så mange førehandsbestillingar så tidleg på året, seier Rogeir Haugen ved Oldedalen Skyss AS med atterhald om at ein ikkje kan ha garantiar for kor god ein sesong kan bli, sjølv med gode førehandsbestillingar.

– God start Rogeir Haugen i Oldedalen Skyss AS fortel om grupper til breen kvar dag fram til oktober. Foto: Roger Oldeide

– Reiselivet er sårbart for det som skjer ute i verda. Avbestillingar kan kome veldig raskt, seier Haugen.

Etter førehandsbestillingane å rekne er nokre nasjonalitetar meir dominerande enn andre.

Klar for ny sesong Per Briksdal ved Fjellstova AS trur på ein god sesong i år. Førehandsbestillingane er talrike. Foto: Roger Oldeide

– Asia. Det er veldig mange frå Asia, spesielt stort oppsving er det av kinesarar, men også mange turistar frå Japan og Sør-Korea i år. I tillegg er det veldig mange frå Spania. Den store bølga av turistar frå Russland har minka, fortel Hugen som anslår at det vil kome mellom 250.000 og 300.000 besøkjande til dalen denne sesongen.

– Vi vil kanskje skysse mellom 50.000 og 60.000 av desse i skyssbilane. Desse kan vi halde tal på, men det er vanskeleg å halde tal på dei som vel å gå til breen, fortel Bjarte Haugen.

Attraksjonen Briksdalsbreen (anno 18. april 2017) skal igjen bidra til at turistar finn vegen til Nordfjord, Stryn og Briksdalen i år. Foto: Bjarte Haugen

Briksdalsbreen sin storleik skal forørig ikkje ha dei store forandringane sidan førre sesong, skal vi tru Bjarte Haugen.

– Breen ser relativt lik ut. Større har den i alle fall ikkje blitt, seier han.

Meir om sesongstarten i Briksdalen i papiravisa i dag fredag