Det er ikkje berre i Stryn det er stor aktivitet på idrettsfronten i helga.

Måløy Idrettslag si turngruppe er vertskap for 982 gymnastar og 281 leiarar og trenarar frå heile fylket denne helga når Sogn og Fjordane barneturnstemne går av stabelen.

I følgje ei pressemelding deltek turnarar, leiarar og trenarar frå alle dei 13 aktive turnlaga i fylket. Berre frå Stryn er godt 100 turnarar påmeldt. Det heile starta med defilering gjennom Måløy sentrum laurdag føremiddag.