Godkjenning av revidert plan for busetting av flyktningar i Stryn kommune frå 2017 til 2021 skal handsamast av Helse- og sosialutvalet komande tysdag. Av bakgrunnen for saka går det fram at avdelingsleiar for flyktningtenesta går av med pensjon frå 1. juni, men utlysing av erstattar i 80 prosent leiarstillig gav ikkje tilrekkeleg respons.

- Det vert difor etablert ei intern, mellombels ordning, med von om politisk aksept på auke til 100 % stilling og ny utlysing over sommaren, heiter det frå saksframlegget.

I vurderinga leggast det til grunn at det er særs viktig at Stryn kommune, som har busett flyktningar kvart år sidan 1987, lukkast med busettingsarbeidet og at leiinga er stabil og kompetent.

- Det vert difor gjort framlegg om auke med 20 % st. slik at stillinga kan bli lyst ut på nytt over sommaren. Kostnaden inkl. sosiale utgifter utgjer ca kr. 140 000. Det vil vere finasiering gjennom forventa integreringstilskot på minimum 2 milllionar kroner meir enn budsjettert, går det mellom anna fram av saksframlegget.

Rådmannen sitt framlegg til vedtak før første handsaming:

1. Vedlagde utkast til Handlingsplan for busetting av flyktningar og innvandrarar i Stryn kommune 2017-2021 vert godkjend slik den ligg føre.

2. Stilling som avdelingsleiar for flyktningtenesta vert auka med 20 % st. frå hausten 2017