Konfirmantane frå Stryn og Hornindal har erstatta samtalegudsteneste med musikal. Etter mykje øving er dei klare for å viser resultatet i Stryn kulturhus søndag kveld.

«Er det eg som kan forandre verda? Er det mitt bord når andre er tørste?  Er det verkeleg eg som har makta til å gjøre andre enn eg lykkeleg? Ja, ja og ja! Vi menneskje har fått lov til å leve på denne jorda og har eit spesielt fellesansvar for den og kvarandre. Vi kan tenkje og handle og sette gode spor. Det er vi sjølve som forandrar verda rundt oss med kvar skritt som vi går, og med kvart ord som vi seier. Okay, vi kan ikkje gjere store ting, men små ting med stor kjærleik, og det virkar, fortel kyrkjelydspedagog Janet Rudolph.

Dei 100 kjekke konfirmantane frå Indre Nordfjord har lyst til å vise fram tankar rundt desse temaene og korleis det er å vere ung i dag. Både med drama, musikk og song gleder vi oss til to framføringar søndag i kulturhuset, fortel kyrkjelydspedagogen i ein omtale om musikalen.