Hold Norge Rent håper å få med 25.000 nordmenn på å plukke søppel på den årlege strandryddedagen 6. mai og i strandryddeveka 2.–7. mai.

I fjor var rundt 18.500 personar med på å rydde fjæra for til saman 377 tonn søppel. Strandryddarane rydda vel 87 mil med strand.

Så langt har Hold Norge Rent fått påmeldingar frå over 250 lokale aksjonar, over 100 av dei på Vestlandet.

I år trur hytteutleigarbedrifta Novasol, som er ei av bedriftene som engasjerer seg i strandryddedagen, at kvalen som vart funnen med magen full av plast på Sotra i Hordaland i vinter, kan mobilisere fleire til å vere med på strandryddinga.

– Dette var ein fæl og konkret illustrasjon på kva den marine forsøplinga fører til. For oss menneske er reine strender og vakker natur viktig for friluftsopplevingane, men for artane som lever i havet, handlar dette om sjølve livsgrunnlaget, seier Pia Buen i Novasol.

Strandryddedagen i Noreg inngår i den europeiske aksjonen European Clean-Up Day, som i fjor samla over ein halv million menneske til innsats i heile EU. Også der handlar det mykje om forsøpling av havet, men òg om avfall i skog og mark.

Medlemsorganisasjonen Hold Norge Rent har arrangert den nasjonale strandryddedugnaden sidan 2011.

(NPK)