Skogstad Sport utviklar i samarbeid med VisitNordfjord ein heilt ny kolleksjon, der den nye Nordfjord-merkevarablir fronta. Den nye marknadsføringsprofilen for reiselivet og næringslivet i Nordfjord vart lansert i fjor haust. Marita Lindvik seierat fleire og fleire reiselivs- og næringsaktørar har teke i bruk den nye logoen, som er meint å gje Nordfjord ein særeigen identitet tufta på regionen sine ulike fortrinn og attraksjonar.

- Jobben VisitNordfjord legg ned når det gjeld å bygge kjennskap og kunnskap omNordfjord-regionen har stor betydning og verdi for næringslivet,seier Henning Skogstad i ei pressemelding i samband med den nye kolleksjonen.  Skogstad Sport sjølve har mellom anna implementert Nordfjord logoen på si nettside og idigitale kanalar.