Volda sjukehus får behalde kirurgisk akuttberedskap. Det avgjorde helseminister Bent Høie i føretaksmøte i dag.

I protokollen frå møtet viser statsråden til styrebehandlinga i Helse Midt-Norge tidlegare i år, der det ikkje vart gjort vedtak om endringar i akuttfunksjonane ved Volda sjukehus. Føretaksmøtet, i praksis helsestatsråden, "tek Helse Midt-Norge sitt vedtak om sak Utviklingsplaner - avklaring kirurgisk akuttberedskap til orientering", heiter det i protokollen fra føretaksmøtet.

Møtet hadde blant anna som formål nettopp å gje avklaringar av akuttfunksjonar ved fleire sjukehus. I praksis valde statsråden å følgje dei ulike helseregionane sine vedtak. Høie seier i protokollen frå møtet at "arbeidet med avklaring av akuttfunksjoner har vært krevende. Foretaksmøtet la vekt på at akuttfunksjonene nå blir avklart, for å sikre forutsigbarhet og ro rundt det videre arbeidet med utviklingsplanene som skal ferdigstilles i 2018".

Nordfjord sjukehus har ikkje kirurgisk akuttberedskap, men vert vidareført med indremedisinsk akuttberedskap.

Høie kjem til Stryn

Rett etter føretaksmøtet sette helseministeren seg på fly retning Nordvestlandet. I kveld kjem han først til Loen der han skal vere med på ope møte i regi av Stryn Høgre. Tysdag morgon besøkjer han Stryn omsorgssenter der statsråden får orientering om drifta samt at han får helse både på bebuarar og tilsette. Deretter reiser han vidare til Eid, Gloppen og Førde for tilsvarande besøk.