Både Stryn, Eid og Vågsøy har bestemt seg for å nytte vegnamnet Nordfjordvegen for strekninga på rv15 mellom Stryn sentrum og Måløy sentrum. No har også utvalet for utvikling i Hornindal hatt vegnamnet på sakskartet.

– Då vert det heilt naturleg at vi også må nytte dette vegnamnet på den delen av rv15 som går gjennom Hornindal kommune. Vi ser ingen grunn til at vi ikkje skal velje det same vegnamnet som nabokommunane våre, heitte det i saksutgreiinga frå rådmann Ann-Kristin Langeland.

Eit samrøystes utviklingsutval stillte seg bak framlegget, og endeleg vedtak skjer i kommunestyret denne veka.