I helga var det fritidsmesse på Sparebanken Møre Arena i Ålesund. Dette er ei årleg messe med utstillarar innan kunst, hytte, utemiljø, reise, helse, sport og friluftsliv. Både Loen og Hornindal hadde laga til kvar sin stand med bidrag frå bygda si. Loen har lang erfaring med messa og på laurdagen var det Erik Brendefur og Emma Sunde som presenterte Loen på standen. Brendefur har vore med på messa i over 10 år.

– Vi ønsker at fleire skal besøke Loen og sjå det vi har å by på, seier han. Dei bydde også på quiz der du kunne vinne ei natt på Hotel Alexandra.

Hornindal stilte for fyrste gong ein samla stand under namnet «Det gode liv i Hornindal». Her var 15 bedrifter frå Hornindal med og reklamerte. Hornindal Bygdekvinnelag bidrog også med servering av heimelaga lefser og flatbrød til dei som stakk innom standen.

– Eg er veldig fornøgd med dagen, mange har vore innom standen vår. Det er viktig å profilere Hornindal som ein kjekk plass å vere og bygge opp bygda vår ilag, seier Inge Olsen, sals- og marknadssjef for Harevadet hyttegrend. Begge standane hadde godt besøk, og både Brendefur og Olsen konkluderte med at messa hadde vore ein suksess.

Hornindal: Randi Langlo og Astrid Gausemel fortel besøkjande om dei ulike tilboda Hornindal har å by på. Foto: Julie Haugen