Pågripinga av tre menn frå Romania og påfølgjande etterforsking av minibankinnbrotet i Stryn og Skei i februar, gjer at politiet ser likskap med fleire tilsvarande saker i fleire europeiske land. Dei tre sikta rumenarane er i tillegg til innbrotet ved minibanken i Stryn og Skei og sikta for tilsvarande innbrot eller innbrotsforsøk i Porsgrunn, Fredrikstad og på Ski.

Dei vart varetektsfengsla første gong 24. februar og har sidan fått forlenga varetektsfengslinga to gonger.

Møte i Haag

I dag tysdag er politibetjent Vegard Dale saman med Datakrim og påtale frå Florø i Haag for å utveksle etterforskingsinformasjon i eit møte sett i stand av Europol.

– Av omsyn til etterforsking og saka elles ønskjer vi ikkje gå i detaljl om kva land og stader, men vi kan bekrefte at politi frå minst fem land vert med på møtet, seier politibetjentane Eirik Krossen og Vegard Dale.

Kort tid etter pågripinga etter innbrotet mot minibanken i Stryn tok strynepolitiet kontakt med Kripos for bistand.

– Kripos har blant anna kontakta internasjonalt politi om tilsvarande innbrot, og dette har gitt respons. Politi i fleire europeiske land etterforskar fleire tilsvarande innbrot, utført med forholdsvis lik framgangsmåte. Tjuvane skaffar seg tilgang til minibanken sin elektronikk for så å koble til eigen PC med programvare og deretter manipulere minibanken til å gje ut pengar. Likskapen gjer at politi frå fleire land vel å møtast om saka. Så står det att å sjå om dette gir grunnlag for ei eventuell felles europeisk etterforskingsgruppe. Ei vidare etterforsking vil sjølvsagt og ha som mål å avdekkje eventuelle rørsler i Europa til dei tre som sit i varetekt, sikta for fem forhold i Norge, seier Krossen og Dale.

Fekk ut pengar i Stryn

Politiet i Norge meiner dei tre rumenarane har klart å skaffe seg eit mindre beløp, samla i overkant av 10.000 kroner, frå to av dei fem minibankinnbrota. Ein av stadene dei fekk ut eit mindre beløp, skal ha vore i Stryn.

– Slik vi kjenner saka frå europeisk politi, er det ved tilsvarande metodar teke ut betydelege pengesummar frå minibankar i Europa. Difor ønskjer Europa no å organisere seg, med utgangspunkt at strynepolitiet har tre sikta personar i varetekt og har ein del spor å gå etter, seier Krossen.

Manipulering: Minibankinnbrota i Norge og Europa har i følgje politiet klare fellestrekk. Framgangsmåten er å få tilgang til elektronikken og deretter manipulere minibanken til utbetaling. Foto: Bengt Flaten