Dei neste dagane er 372 utanlandske turoperatørar frå 32 land samla i Bergen der dei skal få ein smakebit av kva Norge har å by på som turistdestinasjon. Visit Nordfjord er blant aktørane som er på plass denne veka.

Det årlege arrangementet Norwegian Travel Workshop (NTW) kan dermed ønskje velkommen til rekordmange internasjonale kjøparar. NTW har ifølgje Innovasjon Norge vore ein av dei viktigaste møteplassane for norsk reiseliv i over 40 år og er ein arena der norske bedrifter og destinasjonar kan treffe kjøparar frå heile verda. -Trass i nye måtar å jobbe på, særleg teknologisk utvikling med websider og e-post, så fortset personlege møte å vere uvurderleg. Turoperatørane ønskjer å treffe dei som dei skal jobbe med, og ikkje minst oppleve stadene dei skal selje, seier reiselivsdirektør Bente Bratland Holm i Innovasjon Norge.Ho fortel at i år ser ein særskilt ein auke i den nordamerikanske marknaden. Medan det tidlegare har kome rundt 10 kjøparar frå USA og Canada, kjem det i år 41.Deltakarane på reiselivsmessa får mellom anna tilbod om å vere med på sjømatsmaking på Cornelius Sjømatrestaurant, fjord cruise, sykkeltur rundt i byen og Edvard Grieg-konsert.