Etter at butikkjeda Rema 1000 sin omstridde «bestevennstrategi» tredde i kraft ved nyttår, gjekk det hardt ut over ein del mindre leverandørar, deriblant Olden Brevatn AS som

måtte permittere

heile arbeidsstokken sin til 50 prosent. Bedrifta har difor gått for halv maskin i vinter.

Til eksport Lisbeth Mykløen fester hankar på vassflaskene som skal til Japan. Foto: Roger Oldeide

Men produksjonsbedrifta har fleire bein å stå på i sommarsesongen. Når Fjordingen er innom er alle åtte tilsette i drift med full produksjon av mineralvatn frå Blåfjellskjelda ved Jostedalen som skal sendast til ei adresse i Japan.

– Ein japansk kunde har bestilt 22.000 liter stillvatn. Oldenvatnet skal nyttast til koking av ris, fortel fabrikksjef Rune Rustøen.

At vassprodusenten mista hylleplass hos Rema 1000 var eit tilbakeslag, men den komande sommarvarmen betyr uansett auka etterspurnad. Før påske var bedrifta tilbake i full drift.

Laga flasker Sondre Guddal Muri viser korleis flaska opphavleg ser ut (til venstre) før den vert varmebehandla og forma om til vassflaska til høgre. Foto: Roger Oldeide

Han er optimistisk med tanke på at bedrifta skal få nye avtalar på plass, men Rustøen opplyser at han ikkje har noko med avtalane med butikkane å gjere. Det vert teken hand om sentralt for den Hansa Borg Bryggeri-eigde vassprodusenten.

– Eg berre syt for at vi får levert det som er bestilt, seier Rustøen.