Regjeringa foreslår regelendringar som gjer at langt fleire landbrukseigedomar kan bli selde fritt. Bondelaget fryktar inntog av utanlandske investorar.

Forslaga til endringar i konsesjons- og eiendomsreglane blei lagt fram fredag og inneber blant anna at tilgrensande eigedom kan bli selt konsesjonsfritt.Bondelaget meiner at dette vil opne for at investorar kan ekspandere fritt og kjøpe opp alt av jord og skog i eit område, ifølgje Nationen.

Organisasjonen viser til at store utmarkdeigedomar kan grense til hundrevis av eigedommar i mange ulike dalførar og fylke.–Viss eigedommen har over 500 mål produktiv skog spreidd rundt om, så er kriteria oppfylt. Då kan ein ekspandere vidare ved å kjøpe opp både jord og skog utan å måtte søke om konsesjon for oppkjøpa og dermed omgå buplikta og priskontrollen, seier fagsjef og advokat i Norges Bondelag, Erlend Stabell Daling.Konsekvensen kan ifølgje Bondelaget bli at utanlandske investorar ender opp med dei norske landbrukseigedomane.– Kapitalkrefter her i landet vil stå først i rekka. Så vil investorar frå andre land følgje etter. Det vil vere naivt å tru at den utviklinga vi ser i naboland som Danmark og Sverige ikkje vil skje her, seier generalsekretær Per Skorge i Norges Bondelag.(©NPK)