På møtet i den midlertidige fellesnemnda før helga, orienterte Odd A. Folkestad om arbeidet i nemnda for kommunenamn og heraldikk. Folkestad kunne rapportere om god framdrift i arbeidet med nytt kommunenamn. Og dei vil med det første starte arbeidet med heraldisk profil.

Interessante forslag

Jon Tvinnereim er leiar i nemnda som har ansvaret for å kome med tilråding i namnesaka. Tvinnereim opplyser til Fjordingen at det så langt er kome inn 22 forslag på kommunenamn.

– Vi opplever god respons. Og vi har fått inn mange interessante forslag, seier Jon Tvinnereim. Han har motteke hyggelege og positive tilbakemeldingar etter at folk flest vart oppmoda om å sende inn sine forslag på namn.

Tilråding truleg klar i midten av mai

– Eg reknar med at endå fleire, kanskje over 50 forslag, vil ligge på bordet når tidsfristen er ute 10. mai, seier Tvinnereim. Han poengterer at sjølv om det naturleg nok er innbyggjarane i Volda og Hornindal som engasjerer seg mest i namnespørsmålet, så kjem det forslag også frå folk i andre kommunar.

– Alle er velkomne til å sende inn namneforslag, uansett kvar dei bur, seier Jon Tvinnereim.

Etter at tidsfristen er ute, skal nemnda gje si namnetilråding til kommunepolitikarane i Volda og Hornindal. Ifølgje Tvinnereim vil denne tilrådinga vere klar i midten av mai månad.