Det seier Vegard Dale, politibetjent frå Stryn lensmannskontor. Saman med kollegaer frå datakrim og påtale i Florø møtte han politi frå seks andre europeiske land tysdag. Møtet var lagt til Europol sitt hovudkontor i Haag. Informasjonsutveksling om minibankinnbrot stod på dagsorden.

– Alle landa presenterte saker med foto og framgangsmåte. Med små nyansar viste presentasjonane at minibankinnbrota i dei ulike landa følgjer same framgangsmåte, seier Dale.

Han fortel at strynepolitiet fekk gode tilbakemeldingar på etterforskingsarbeidet som er gjort etter innbrot mot fem minibankar i Norge.

Større pengeuttak

– Det er stor interesse for å samanlikne og sjå sakene i eit større bilde. Fleire av innbrota i Europa har resultert i uttak av større pengebeløp. Potensialet ved denne type brekk er stort. Difor har politiet saman med banknæringa stort fokus. Ikkje berre for å oppklare, men like mykje for å førebyggje.

Dale opplyser at det er gjort fleire minibankinnbrot i Europa også etter at dei tre rumenarane som er sikta for innbrota i Norge vart varetektsfengsla.

– Det fortel oss at det er fleire som held på med denne type kriminalitet. Etterforskinga framover har som mål blant anna å finne ut om ein eller fleire av dei som sit i varetekt i Norge kan knytast til innbrot i Europa før dei vart pågripne etter innbrotet i Stryn, seier Dale.

– Er det aktuelt å opprette ei felles etterforskingsgruppe i forhold til minibankinnbrota?

– For Norge sin del er det neppe aktuelt, ettersom vi har kome langt i vår etterforsking. Men vi vil gjerne bistå andre dersom det er behov.

– Har det vore pågripingar i Europa etter slike innbrot?

– Det eg høyrde i møtet, så er det gjort arrestasjonar i liknande saker det siste året. Men dette spørsmålet hadde ikkje så mykje fokus. Viktigast no er å bruke felles kunnskap og informasjon med tanke på uoppklarte saker. Europa har eit tosifra uoppklarte minibankinnbrot, og med samla pengeuttak som er betydeleg. Vi har no knytt kontakt over mange landegrenser, slik at etterforskarane kan ha kontakt vidare, seier Dale.