I kveld bles Stryn handball i gang den tradisjonsrike Nordfjord-cupen, tidlegare NK- cup. Denne helga er det spelarar i aldersgruppa 12-16 år som er i aksjon.

Omlag 20 klubbar er påmelde, mest lag frå Nordfjord og Sunnmøre, men også klubbar frå Gudbrandsdalen og Bergen er på plass i Strynehallen.

Sjølv stiller Stryn med åtte lag, der sju av dei er jentelag. Einaste gutelaget frå arrangørklubben finn vi i 12 årsklassen.

Allereie i kveld skal ei rad kampar avviklast. Første kamp byrjar 18.30 og etter det går det slag i slag fram til nærare midnatt. Cupen held fram laurdag med nye kampar i den innleiande runden, før sluttspelkampar og finalar finn stad søndag.