Vest politidistrikt sine tre geografiske driftseiningar  (GDE) og tenesteeiningar (lensmanns- og politistasjonsdistrikt) er no fastsett. I Sogn og Fjordane vert Førde vald framfor dagens lokalisering i Florø.

Administrasjonsstad for dei geografiske driftseiningane vil bli:

• Førde i Sogn og Fj. GDE

• Voss i Hordaland GDE

• Bergen sentrum i Bergen, Sotra, Askøy og Øygarden GDE

Både kommunar og fagforeiningar har vore invitert til høyring om dei geografiske driftseiningane sine ansvarsområde og eventuelle endringar i lokalisering av leiinga i dei nye geografiske driftseiningane.

Administrasjonsstad for tenesteeiningar her i fylket vil bli:

• Nordfjordeid i Nordfjord

• Førde i Sunnfjord

• Sogndal i Sogn

– Dei nye leierane for dei geografiske driftseiningane må vere mobile og førebudde på å reise rundt i si driftseining. Administrasjonen til leiaren kan ha ei desentralisert plassering. Det same gjeld for administrasjonsstaden for dei nye tenesteeiningane, som er lensmanns- og politistasjonsdistrikta, seier Helge Stave, prosjektleiar «Prosjekt nytt politidistrikt».