Rådgjevar for fysisk aktivitet og idrett i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Atle Skrede, er svært godt fornøgd med den rekordhøge tildelinga til fylket i år.

- Regjeringa har løyvd 53.266.000 kroner av den totale potten spelemidlane til Sogn og Fjordane. Det er meir enn ei dobling frå 2012 og er svært gledeleg for alle innbyggjarane i fylket. Det gode resultatet kjem av mange godkjende søknader, stort dugnadsengasjement i frivillige lag og organisasjonar og betre kompetanse i kommunane. Søknadsmassen er svært stor i 2017 og har stor variasjon og oppfyller visjonen til arbeidet på feltet, som er fysisk aktivitet for alle, seier Atle Skrede i ei pressemelding.

Spelemidlane vert fordelte i hovudutval for næring og kultur 30. mai og skal gå til anlegg for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv i heile fylket.

Sogn og Fjordane får i år meir spelemidlar enn meir befolkningsrike fylke som Troms, Hedmark og Telemark.

Ventetida går ned

Fylkeskommunen opplyser at det i år kom inn 346 søknader til ein samla søknadssum på 211 millionar kroner. Ventetida for søkjarar som har søkt midlar til anlegg, vil med dagens løyving gå ned og vere på vel tre år for idrettsanlegg og om lag to år for nærmiljøanlegg. Dette betyr mykje for dei som medan dei ventar på midlar, kan redusere tida med mellombelse lån. For tre år sidan var ventetida for idrettsanlegg fem år.

– Det viktigaste verkemiddelet staten har i idrettspolitikken, er anlegg for å trene og drive fysisk aktivitet. Det vert ein fryd å legge fram denne saka og formidle at ventetida går ned, seier Skrede.

Ny ordning for nye anleggstypar

På landsbasis har regjeringa i år løyvd om lag 2,6 milliardar i spelemidlar. 1,32 milliardar vert sette av til bygging og rehabilitering av idrettsanlegg. Dette er ein auke på 123 millionar kroner frå 2016.

Det vert i år i tillegg innført ei ny tilskotsordning for å stimulere til bygging av nye anleggstypar for eigenorganisert aktivitet, som til dømes FYSAK-hus, som kan vere tilrettelagde for til dømes skating, trampoliner og klatring.

Utviklinga av spelemidlar til Sogn og Fjordane

201122 797 000
201224 740 000
201330 178 000
201429 091 000
201537 100 000
201645 823 000
201753 266 000