16-åringen Anna Johannsdottir følte nok livet var veldig urettvist torsdag kveld. På den siste treninga før Nordfjord-cup, og sesongavslutninga ho hadde gleda seg til, pådrog ho seg eit brot i ankelen.

- Det vart tårer både på trening og heime, og masse frustrasjon. Men det går mykje betre no, bedyrar ho, humpande rundt på krykker i Strynehallen fredag kveld.

To brot i vrista vart påvist på sjukehuset.

- Eg skal tilbake om ei veke og sjekke. Det var snakk om operasjon, men dei trur brotet var såpas greitt at eg slepp det, seier Anna.

Sjølv om ho svært gjerne skulle delteke på bana sjølv, lovar ho å støtte opp om lagvenninnene.

- Eg trur dei har gode sjansar til å vinne kampar. Eg skal heie masse!

Stryn jenter 16 år spelte ein kamp fredag kveld, og den enda med ein sterk 12-6 siger mot Kvam.

Også dei andre strynelaga var i aksjon, og fleire fekk ein god start på turneringa. Vi nemner spesielt Stryn J12 2, som eigentleg berre består av 11-åringar, dei opna med to sigrar. Turneringa held fram laurdag og søndag.