Åtvaring: Politiførstebetjent Vidar Stavik gav ei gruppe av russen åtvaring fredag, etter at ungdom skal ha blitt skubba i elva.
(Foto: Bengt Flaten)

Åtvaring: Politiførstebetjent Vidar Stavik gav ei gruppe av russen åtvaring fredag, etter at ungdom skal ha blitt skubba i elva. Foto: Bengt Flaten

Politiet gav åtvaring til russen

Ei gruppe av strynerussen fekk åtvaring frå politiet fredag, etter at politiet blei kjend med at russen skulle ha dukka ungdom i elva og deretter lagt ut film om hendingane på sosiale media.

– Vi fekk tips torsdag og såg gjennom filmmaterialet. Deretter reiste vi på skulen fredag og snakka med russen. Dei fekk beskjed om at slike ting gjer ein ikkje. Dei fornærma har ikkje meldt forholda til politiet, og vi har heller ikkje oppretta sak. Men skjer slike ting ein gong til, kan det bli politisak ut av det, seier politiførstebetjent Vidar Stavik.

– Filmane vi har sett viser ungdom som vert skubba og kasta ut i vatnet, til dels på grunt vatn i ei elv. Dermed kunne konsekvensane også blitt meir alvorlege for dei fornærma, seier Stavik.

Han har elles inntrykk av at russen i Stryn oppfører seg fint.

Meir å lese på Fjordingen:
Siste nyheter

y vår for familieklenodiet

Oldefar, bestefar og far har køyrt bobla frå  1967. No har fjerde generasjon - Rolf Martin Tunold (24) – fiksa på bilen i to vintrar for å få han tilbake til fordoms prakt.

– Det skjer altfor mange fallulykker

Arbeidstilsynet reagerer på at arbeidsgjevarar ikkje tek sikkerheita på alvor. No køyrer dei storaksjon for å betre forholda på norske byggjeplassar.