Stryn var berre nokre få poeng frå å sikre seg finaleplass, då elevlaget var i elden under den første semifinalen i den TV-sendte Klassequizen på NRK1 laurdag.

Laget frå Stryn ungdomsskule bestod av trioen Kristin Flo Kandal, Rasmus Tvinnereim og Jakob Bø, som viste fram god kunnskap på mange felt.

Etter å ha svart seg gjennom mange vanskelege spørsmål i 18 ulike kategoriar, enda laget på ein god 7. plass. I ein svært jamn semifinale fekk dei 57 poeng, og var tre poeng laga som måtte ut i duell om finaleplass. Østfold, Oslo og Sør-Trøndelag gjekk til slutt vidare.

Stryn representerte Sogn og Fjordane etter at dei imponerte med å vinne den radiosendte fylkesfinalen i den landsomfattande Klassequizen for tiandeklasser.

Den andre semifinalen går laurdag 20. mai. Dei seks beste laga går vidare til den store finalen laurdag 27. mai.