Det var ei rørande «avduking» av den nye leike-brannbilen ved klatreparken i Stryn sentrum. Brannkorpset var til stades og tillitsvalt Are Njøten heldt ein tale om sin tidlegare sjef på vegne av Stryn Brannvern.

Mange var møtt fram i høve avdukinga av leikebrannbilen. Kr. 40.000 vart innsamla til leikebilen som er bygd av eit firma i Kristiansund.
Barneborn Her er (f.v.) Folke Slyngstad med dottera Malin. Vidare ser vi fleire barneborn etter Jarle; Bertine Slotsvik, Albert Solheim, Rasmus Slyngstad og Bendik Slotsvik. Foto: Roger Oldeide

Jarle sin familie var tydeleg røyrde og veldig nøgde med leikebilen som er resultatet etter innsamla midlar. Det var familien sitt ønskje om eit slikt minne istadenfor blomar i høve Jarle sin bortgang 27. desember i fjor.

Fint minne – Den er heilt i pappa si ånd, sa Jørgen Dragesæt og Marianne Dragesæt Slotsvik som var veldig nøgd med leikebilen og ramma rundt avdukinga av den. Foto: Roger Oldeide

– Vi vil takke Anders Maurset i kommunen og brannkorpset for jobben dei har gjort med denne bilen. Den er heilt i Jarle si ånd, sa familien.

Offisielt Rasmus Slyngstad og Bendik Slotsvik, som er barneborn etter Jarle, fekk æra av å klippe av ein brannslange som symbol på avdukinga av leike-brannbilen. Foto: Roger Odleide

To av barneborna etter Jarle fekk æra av å gjere den offisielle «avdukinga». Med ei spesialsaks ein kan klippe metall med, klipte Bendik Slotsvik og Rasmus Slyngstad av ein brannslange og tok den stasjonære brannbilen straks i bruk.

Til minne Jarle Dragesæt gjekk bort 27. desember i fjor, 60 år gamal. Biletet er datert august 2016. Foto: Roger Oldeide

Jarle Dragesæt var brannsjef i Stryn sidan 2005, men begynte i brannvesenet tidleg på 1980-talet. Han gjekk bort etter kreftsjukdom 27. desember i fjor, 60 år gamal.