Rørande Enke etter Jarle Dragesæt, Anne Mette, tek imot blomar frå Are Njøten og Stryn brannvern. Ho var tydleg røyrd og takksam for leikebrannbilen som er sett opp til minne om Jarle. (Foto: Roger Oldeide)

Rørande Enke etter Jarle Dragesæt, Anne Mette, tek imot blomar frå Are Njøten og Stryn brannvern. Ho var tydleg røyrd og takksam for leikebrannbilen som er sett opp til minne om Jarle. Foto: Roger Oldeide

– Den er heilt i Jarle si ånd

Laurdag var det offisiell avduking av leikebrannbilen som er sett opp til minne om tidlegare brannsjef Jarle Dragesæt.

Det var ei rørande «avduking» av den nye leike-brannbilen ved klatreparken i Stryn sentrum. Brannkorpset var til stades og tillitsvalt Are Njøten heldt ein tale om sin tidlegare sjef på vegne av Stryn Brannvern.

Mange var møtt fram i høve avdukinga av leikebrannbilen. Kr. 40.000 vart innsamla til leikebilen som er bygd av eit firma i Kristiansund.

Mange var møtt fram i høve avdukinga av leikebrannbilen. Kr. 40.000 vart innsamla til leikebilen som er bygd av eit firma i Kristiansund.

– Vår kjære, snille brannsjef gjekk bort så altfor tidleg. Han viste alltid omsorg for folk rundt seg og spurde oss stadig om korleis det gjekk med borna våre.

Barneborn Her er (f.v.) Folke Slyngstad med dottera Malin. Vidare ser vi fleire barneborn etter Jarle; Bertine Slotsvik, Albert Solheim, Rasmus Slyngstad og Bendik Slotsvik. (Foto: Roger Oldeide)

Barneborn Her er (f.v.) Folke Slyngstad med dottera Malin. Vidare ser vi fleire barneborn etter Jarle; Bertine Slotsvik, Albert Solheim, Rasmus Slyngstad og Bendik Slotsvik. Foto: Roger Oldeide



Han var veldig glad i born, så denne bilen passar veldig godt som eit minne om han. Eit minne som og born kan ha glede av, sa Njøten for dei mange frammøtte laurdag.

Jarle sin familie var tydeleg røyrde og veldig nøgde med leikebilen som er resultatet etter innsamla midlar. Det var familien sitt ønskje om eit slikt minne istadenfor blomar i høve Jarle sin bortgang 27. desember i fjor.

Fint minne – Den er heilt i pappa si ånd, sa Jørgen Dragesæt og Marianne Dragesæt Slotsvik som var veldig nøgd med leikebilen og ramma rundt avdukinga av den. (Foto: Roger Oldeide)

Fint minne – Den er heilt i pappa si ånd, sa Jørgen Dragesæt og Marianne Dragesæt Slotsvik som var veldig nøgd med leikebilen og ramma rundt avdukinga av den. Foto: Roger Oldeide

– Vi vil takke Anders Maurset i kommunen og brannkorpset for jobben dei har gjort med denne bilen. Den er heilt i Jarle si ånd, sa familien.

Offisielt Rasmus Slyngstad og Bendik Slotsvik, som er barneborn etter Jarle, fekk æra av å klippe av ein brannslange som symbol på avdukinga av leike-brannbilen. (Foto: Roger Odleide)

Offisielt Rasmus Slyngstad og Bendik Slotsvik, som er barneborn etter Jarle, fekk æra av å klippe av ein brannslange som symbol på avdukinga av leike-brannbilen. Foto: Roger Odleide

To av barneborna etter Jarle fekk æra av å gjere den offisielle «avdukinga». Med ei spesialsaks ein kan klippe metall med, klipte Bendik Slotsvik og Rasmus Slyngstad av ein brannslange og tok den stasjonære brannbilen straks i bruk.

Til minne Jarle Dragesæt gjekk bort 27. desember i fjor, 60 år gamal. Biletet er datert august 2016. (Foto: Roger Oldeide)

Til minne Jarle Dragesæt gjekk bort 27. desember i fjor, 60 år gamal. Biletet er datert august 2016. Foto: Roger Oldeide

Jarle Dragesæt var brannsjef i Stryn sidan 2005, men begynte i brannvesenet tidleg på 1980-talet.

Han gjekk bort etter kreftsjukdom 27. desember i fjor, 60 år gamal.

Meir å lese på Fjordingen:
Siste nyheter

Olafur Sveinsson med lang fartstid i Norge

Blir Stryn sin nye trenar

Islendingen Olafur Sveinsson er den nye trenaren for Stryn sitt 2. divisjonslag i handball for herrar.

Nye framsyningar av utandørs-musikalen Årringar

– Nye grep, men gjenkjenneleg

Andre helga i august kan ein på nytt oppleve musikalen Årringar ved Sagedammen. Stykket er i all hovudsak det same, likeins aktørane som er med, men nye grep frå regissør og koreograf vil likevel gi kjensla av nytt for dei som har sett det før.

Satsar meir på utstilling og botanisk hage

Med både ny dagleg leiar og salgs- og marknadssjef, så er det spennande ting på gang ved nasjonalparksenteret.

Olafur Sveinsson med lang fartstid i Norge

Blir Stryn sin nye trenar

Islendingen Olafur Sveinsson er den nye trenaren for Stryn sitt 2. divisjonslag i handball for herrar.

Nye framsyningar av utandørs-musikalen Årringar

– Nye grep, men gjenkjenneleg

Andre helga i august kan ein på nytt oppleve musikalen Årringar ved Sagedammen. Stykket er i all hovudsak det same, likeins aktørane som er med, men nye grep frå regissør og koreograf vil likevel gi kjensla av nytt for dei som har sett det før.

Satsar meir på utstilling og botanisk hage

Med både ny dagleg leiar og salgs- og marknadssjef, så er det spennande ting på gang ved nasjonalparksenteret.

Hornindal og Markane skyttarlag

Følg olsokstemne

Olsokstemnet i skyting strekkjer seg over sju dagar, og det innmeldt over 200 skyttar frå alle kantar av landet.