– Vi ønskjer å lage ein skikkeleg folkefest med mykje publikum og god stemning. Målet er å klare over 1.000 tilskodarar dagen før dagen, skriv fotballgruppene i Stryn og Eid i ei felles pressemelding.

For 25 år sidan møttest laga til eit legendarisk oppgjer på Stryn stadion. 1.100 tilskodarar var vitne til at Tore André Flo, Eivind Karlsbakk og Jarle Flo sørga for 3–0 siger til Stryn, og Fjordingen kunne melde om «Gledesrus i Stryn» etter kampen.

For Stryn spelte Jørn Peder Sætre, Jarle Flo, Kjell Rune Flo, Terje Walaker, Jon Hermann Hagen, Frode Nøstdal, Johann Sigurdsson, Roald Wallestad (Erik Brendefur), Tore André Flo, Bjarte Flo (Jon-Terje Tjellaug) og Eivind Karlsbakk.

– Laga som spelte for 25 år sidan er invitert tilbake til denne kampen. Stryn fotball håpar mange andre «gamle stjerner» frå dei to klubbane møter opp på stadion til kampen i kveld, går det fram av pressemeldinga.

kampen kan du sjå på nettsida til Radio Stryn ved å klikke på denne linken (om du har problem med å spele av kampen i Internet Explorer, prøv Google Chrome).

Sigurdsson har trua

– Det er kjekt å få vere ein del av slike kampar som dette, og vi har sjølvsagt trua på siger. Det blir spennande, og det blir nok mykje folk som kjem for å sjå kampen, seier Sigurdsson.

Mathias Garlid må stå over kampen grunna tre gule kort, medan Petter Hammer slit med ein liten skade og er usikker.