Stryn slo Eid heile 6-1 framfor om lag 600 tilskodarar i 16.mai-oppgjeret mot naboen Eid på Stryn stadion tysdag kveld.

Allereie etter 10 minutt stod det 2-0 til eit heiltent heimelag etter straffescoring av Mads Wie og ei flott heading frå Vegard Sæten Hopland etter ein corner. Eit tydeleg nervøst Eidforsvar kan prise seg lukkeleg for at bortelaget ikkje hadde fått fire mål i sekken før 20 minutt var spelt.

Men eidarane reiste seg, og berre ein særs opplagt Jens August Guddal Muri i stryneburet hindra scoring til dei gule og svarte. Særleg var ei redning med føtene frå kloss hald høg klasse over. Mot slutten av omgangen jamna det seg ut, og pauseresultatet var 2-0 til Stryn.

- Vi inviterer Eid inn i kampen, noko som er unødvendig seier trenar for Stryn, Johann Sigurdsson.

Andre omgang var ikkje meir enn fem minutt gamal då innbyttar Agon Qitaku var vaken frampå og sette inn 3-0 til Stryn. Eid gav derimot ikkje opp, og det var slett ikkje ufortent at reduseringa kom etter ei corner, sjølv om markeringa i stryneforsvaret i beste fall kan karakteriserast som slett.

Kampen stod no og vippa litt, ei scoring til Eid og det ville vore match igjen, ei scoring til Stryn og kampen ville vore avgjort.

Med kvarteret igjen på kampuret sette Mads Wie inn 4-1 etter nydeleg forarbeid av spisskollega Marius Rauset. Like etter sette Petter Hammer inn 5-1 då han totalt umarkert fekk heade uforstyrra i mål. På overtid sette Qitaku inn 6-1, noko som også vart sluttresultatet.

- Herleg seier og fullt fortent, sa Mads Wie før stryningane heiv seg ut i seiersdansen med russen.

- Kjemperesultat, eg må vere nøgd med to mål etter å ha kome inn frå benken, gliste Agon Qitaku.

- Vi køyrer over Eid i starten av første omgang, medan Eid var best mot slutten. Alt i alt er 6-1 godt betalt, men vi viser at vi er godt trent og står distansen ut, og det blir tungt for Eid utover i kampen, seier Sigurdsson.

Jens August Guddal Muri vart kåra til "dagens strynespelar", noko som var fullt fortent.

Stryn står no med 15 poeng etter fem kampar.

NB! Grunna straumbrot på stadion vart det ikkje streaming av kampen.

Agon Qitaku (t.v.) kom inn i andre omgang og scora to mål. Jens August Guddal Muri viste solide takter i mål. Foto: Thomas Thaule