Det var ikkje berre folk som var pynta på nasjonaldagen. Ved ein av bensinstasjonane i Stryn støtte lokalavisa på Jens Vinsrygg med sin Dodge Power wagon frå 1955.

Eigaren hadde pynta den sjarmerande veteranbilen med bjørkelauv og norske flagg. Sjølv stod han i stil til bilen i si avslappa "gardsgut"-kledning.

- Ein merkar kor folk smiler opp og blir blide og glade når ein køyrer rundt i denne. Folk helsar og smiler. Det er jo ein slags bestemor Duck bil, seier den bilglade entreprenøren frå Vinsrygg. Om kort tid er det motorfestival og då skal han ha fleire veteranbilar på vegen.

- Eg har eit prosjekt eg har skrudd på i fleire år. Det er ein Chevrolet frå 1978 - knall gul, smiler Vinsrygg.

Dodge Power wagon frå 1955.