- Ein dag verdt å feire

Johan Nesheim minnest kanskje særleg godt feiringa av 17. mai under krigen.  

Randheid Stensaker flott pynta til feiringa av nasjonaldagen. 

Nyhende

Johan Nesheim sit på ein tereasse utforbi Stryn omsorgssenter. Han har utsyn mot den nye flotte hagen, ned mot kulturhuset. Han ventar på at det skal kome ei gruppe og underhalde med dans for han og dei andre ved heimen.

17. mai er ein viktig dag å markere meiner han. Det Eidsvollmennene gjorde er verdt ei feiring. Sjølv minnest han kanskje feiringane under krigen ekstra godt.

- Men måtte ein ikkje la feiringa av nasjonaldagen vere i krigsåra?

- Nei, eigentleg ikkje. Vi var med og bygde opp ein tyskarleir på Fosnes, på andre sida av vegen ved kyrkja. Vi fekk tyske soldatar til å halde vakt for oss medan vi feira 17. mai i ungdomshuset ved sidan av. Det var tyskarane frå andre stader som var farlege for oss, dei lokalt var vi blitt godt kjende med, fortel Nesheim, og ser ut over sentrum, mysande mot den sterke sola.

Også Randheid Stensaker er glad i 17. mai og meiner den er viktig. I flott drakt og med 17. mai-sløyfe på brystet sit ho på opphaldsrommet saman med andre finpynta damer. På ein slik dag er det særleg ein ting ho tenkjer på.

-At det skulle vore fred i alle land, seier Stensaker.