Andreas Flo Tonning hadde ikkje hatt noko imot at russefeiringa varte ein månad til.

- Vi har tatt den godt ut, men angrar på at vi ikkje tok den heilt ut, smiler Flo Tonning. Han og store deler av strynerussen var samla ved rundkøyringa for å mobilisere dei siste kreftene før 17. mai-toget.

Også Ingeborg Vonheim og Thea Flo har hatt ei fin russetid, og føler innspurten vart veldig bra.

- Vi var på kamp i går og laga god stemning. Spelarane sa dei fekk frysningar, at det ikkje hadde vore så god heiing på åresvis. Det var veldig kjekt for oss, fortel dei.

Strynerussen heldt seg i heimbygda natt til 17. mai. I følgje jentene hadde dei partytelt ved beachvolleyball-bana og brukte elles natta til å køyre rundt i bussane, synge, høyre på musikk og besøke utestadane.

- Det har vore ei kjempekjekk tid og kjem aldri til å gløyme den. Men slitsomt også. Eg har vore sjuke mesteparten av russetida, så eigentleg litt deilig den er slutt óg, smiler Vonheim.