Natta til nasjonaldagen gjekk ikkje heilt roleg føre seg. I Stryn vart det like før klokka 01.00 meldt at ein gut i slutten av tenåra var slegen i andletet av ein jamnaldring. Det er oppretta sak.

Ein mindreårig berusa gut vart også vist vekk frå Stryn sentrum litt før klokka 03.00 natt til 17. mai.