Bondelaga i Stryn og Hornindal aksjonerer torsdag ettermiddag i Stryn sentrum, i samband med brotet i landbruksforhandlingane.

- Vi vil først henge opp plakatar og ha ein kampanje med klistermerke på butikkane, seier Bjørn Rørtveit i Stryn bondelag.

Dei har også planlagt andre former for aksjonar med sentrale politikarar. Etterpå blir det appellar ved Felleskjøpet av blant andre Nils Magne Gjengedal.

Dei håpar også få med seg folk i reiselivsnæringa og Visit Nordfjord. Bondelaget ønskjer fokus på kor viktige bøndene sin innsats er for å hindre attgroing og turisme, fortel Rørtveit.